Medlemskap Stord Jazzklubb 2025

01.01.2025 00:00 @ Stord Hotell
Dag Arnesen Trio

Musikarane i Dag Arnesen Trio har i ei årrekkje spelt saman i ulike band-kombinasjonar - alt frå kvartettar til storband, og dei kjenner kvarandre veldig godt! Men det er først dei siste 3-4 åra at dei har etablert seg som trio. Trioen har spelt diverse konsertar, på klubbar og kyrkjekonserter til stor begeistring hos publikum!

30.08.2025 17:00 @ Stord Hotell
Equinor Storband med Tor Yttredal

Equinor Storband blei stifta i mars 1991 og har etablert seg som eit av dei største storbanda i Stavanger-regionen, med utvida blåserekkjer og vokalistar. Medlemene er alle tilknytt energiselskapet, og storbandet er eit populært velferdstilbod for tilsette ved hovudkontoret i Stavanger. Storbandet deltar jamleg på jazzfestivalar, både lokalt og i utlandet.

06.09.2025 14:00 @ Stord Hotell
Cutting Edge

Cutting Edge er ei jazzrockgruppe som består av seks musikarar med rik og langvarig erfaring frå den norske jazzscena. Kanskje hugsar nokon dei frå 1980-talet, då dei var eit av dei mest populære jazzbanda i landet. I denne perioden spelte dei på det som var av norske jazzfestivalar og opptredde mellom anna ei veke på den berømte jazzklubben Ronnie Scott´s i London. I år reiser gruppa på turne nesten 45 år etter at dei vart starta.

19.09.2025 20:00 @ Stord Hotell
Jazzfest. Dagspass fredag

Stordajenta Andrea Myhre studerer ved Griegakademiet i Bergen. Ho tar med seg tre medmusikarar frå Bergen og syt for opning av Stord Jazzfest.

“440 HERTZ”, WIGESTRAND - KJEKSTAD - MATHISEN
Tribute to Didier Lockwood
På denne konserten spelar “440 Hertz” eigenkomponerte låtar, nokre av Lockwood sine eigne komposisjonar og eit utval av standard- perlene i jazzen som Lockwood sjølv spelte.

10.10.2025 19:00 @ Stord Hotell
Jazzfest. Dagspass laurdag

Når folkemelodiane og -historiene blir forma på nytt i Østerlide si lydverd, får dei nye sjatteringar av farger, lys og skugge, men er framleis dei same.

Duo «D» med vener
Tor Yttredal og Martin Tvedten har dei siste åra utvikla eit nyskapande musikalsk samarbeid på Stord, med inviterte dyktige musikarar på scenen.

Sunnhordland Storband blei stifta i juni 2024, og består av fleire medlemmer frå tidlegare Breibandet Big Band, men har no fått utvida besetningen med ein del nye medlemer.

11.10.2025 17:00 @ Stord Hotell
Wenche Bruun Lien Kvartett

25.10.2025 17:00 @ Stord Hotell
Signe Førre Kvartett

Signe Førre Kvartett er eit spennande nytt band med musikarar med ulik sjanger-bakgrunn som speler hovudsakleg folkemusikk frå ulike kulturar blanda med jazz. Kontrabassist, vokalist og komponist Signe Førre er jazzmusikar og bass-spelet hennar som virtuost omtalt av avisa Hordaland.

08.11.2025 17:00 @ Stord Hotell
page view image

Stord Jazzklubb

Gate : Knappane 67
By : Stord