Språk
Hjelp
© TicketCo AS 2024.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Helga 20. og 21. september skal Stord Jazzklubb arrangera Stord Jazzfest i lag med Stord Hotell. Her vil me saman skapa minneverdige stunder for musikkelskarar!
Jazzklubben sin intensjon er å presentera ei jazzig helg med flotte band både fredag og laurdag. Hotellet vil tilby ei helg med overnatting og spanande meny i flotte omgjevnader. Her vil det swinga og gynga gjennom heile helga, og ganen vil og kunna få nye og positive opplevingar.
Helga 20. og 21. september skal Stord Jazzklubb arrangera Stord Jazzfest i lag med Stord Hotell. Her vil me saman skapa minneverdige stunder for musikkelskarar!
Jazzklubben sin intensjon er å presentera ei jazzig helg med flotte band både fredag og laurdag. Hotellet vil tilby ei helg med overnatting og spanande meny i flotte omgjevnader. Her vil det swinga og gynga gjennom heile helga, og ganen vil og kunna få nye og positive opplevingar.
Alle 5 medlemene i dette bandet er profesjonelle musikarar. SSB vart etablert for 35 år sidan og hadde sitt gjennombrot som den norske hovudattraksjonen ved Jazzfestivalen i Molde i 1989. Bandet har turnert i Noreg og Europa, og gitt ut tre CD’ar: ”Blackbird” (1990) ”Necessarily So…” (1997) ”Sval E Afinado” (2018.)
Fair Play var ein kvintett som spelte saman frå 1982-1992. I dei åra med Trond Kopperud på trommer. Etter hans bortgang har dei andre medlemene bestemt seg for å samla dei musikalske trådane og spela saman igjen utan trommer i besetninga, med namnet Air Play.
”Hans svindlande sinne för det oväntade gör hans musik ständigt utmanande och överraskande. Nesets egenkomponerade musik är ömsom kantig och ekvilibristisk, med plötsliga taktbyten, och ömsom lyrisk och svindlande vacker.” (Annika Westmann)
Marius Neset er ein musikar som femnar svært breitt med musikken sin. Han har skrive ikkje mindre enn 3 orkesterverk for London Sinfonietta: Snowmelt, Viaduct och Geyser, som vart uroppført i Royal Albert Hall i september 2022.
Det bergensbaserte bandet KEMEHO gjestar Stord for første gong. Både Halvor Folgerø og Helen Eriksen har vore leiarar for eigne prosjekt på den populære jazzklubben Jazz:Potet i Vestlandet sin hovudstad. Stein Inge er den musikalske kameleonen som alle vil ha med seg i eit band. Han fiksar alle stilartar. Brækhus, Halvorsen, Folgerø og Walle er den ypparste rytmeseksjonen her vest og dei er definitivt i stand til å gi tenorist Helen Eriksen den backinga ho fortener.
Mari Kvien Brunvoll, Stein Urheim og trioen Moskus har slått seg saman! Urpremieren på Vossa Jazz gjekk aldeles strålande og no er dei klare for stamveg-turné hausten 2024. Dette prosjektet kom i stand i samarbeid med Vossa Jazz og hadde urpremiere i år. Det er Stein Urheim og Mari Kvien Brunvoll som har skrive musikken og teke initiativet, men trioen Moskus har vore med å arrangera og forma ut musikken som har fått tittelen Branches & Limits.
Forankra i både europeisk og amerikansk jazztradisjon, dadaisme og folkemusikk har pedagogen ved jazzlinja i Trondheim, barytonsaxofonisten og humoristen Inderberg ei stor stjerne både nasjonalt og internasjonalt. Opp igjennom åra har han samarbeidd med storleikar som Chet Baker, Lee Konitz og ei rekkje andre internasjonale og nasjonale stjerner.
Eivind Austad er ein norsk jazzpianist utdanna frå jazzlina i Trondheim (NTNU). Dei siste 20 åra har han etablert seg som frilansmusikar med base i Bergen. Han har samarbeidd med fleire kjente artistar som Ole Hamre, Sigurd Køhn, Frode Alnæs og Sigvart Dagsland. Han underviser på jazzlina ved Griegakademiet og spelar m.a. i «Living Space» m/Kjetil Møster.