page view image

Stord Jazzfest. Helgepass 09-10.10.2026 - Medlem

Helga 09 og 10 oktober skal Stord Jazzklubb arrangera den årlege Stord Jazzfest i lag med Stord Hotell.
Her vil me saman skapa minneverdige stunder for musikkelskarar!
Jazzklubben sin intensjon er å presentera ei jazzig helg med flotte band både fredag og laurdag.

Information
event image

Stord Jazzfest - 2026 Helgepass, Fredag og Laurdag.

Stord Hotell Laurdag 09 - 10 Oktober kl. 19:00 til kl. 23:00.

Säsongsbiljetten inkluderar

Helge Lien Trio (Stord Jazzfest)

Helge Lien Trio har etablert seg som ein av dei fremste jazzensembla i landet og kan visa til strøymingstal i millionklassen. Med Helge Lien på piano, Johannes Eick på bass og Knut Aalefjær på trommer, leverer dei rørande melodiar, lekne improvisasjonar og årvåkent samspel.

09.10.2026 19:00 @ Stord Hotell
Bjørn Moe (Stord Jazzfest)

Sjølv om Bjørn Moe i hovudsak flyttar seg i landskapet pop og rock, har musikken hans element frå både jazz og world-music, noko som skaper ein ekstra spanande atmosfære for lyttarane. Det kjem ofte opp navn som David Bowie, Peter Gabriel og David Coverdale når ein leitar etter nokon å samanlikna vokalen hans med.

09.10.2026 21:00 @ Stord Hotell
Horda (Stord Jazzfest)

«HORDA sin musikk er som om Snarky Puppy og Pat Metheny bestemte seg for å spille inn en plate langt inne i en norsk fjord! Vi blander progressive elementer og jazzelementer, nordiske lydlandskap og moderne fusion i en historiefortellende, melodiøs og nærmest filmmusikalsk tilnærming.»

10.10.2026 19:00 @ Stord Hotell
Anita Nordheim Blues n’ Groove Company (Stord Jazzfest)

Med si særmerkte stemme, barytonsaksofon og eigne låtar står Anita Nordheim i front for eit band der moderne blues, soul, funky riff og jazzelement smeltar saman i eit kraftfullt og sjangeroverskridande uttrykk.

10.10.2026 21:00 @ Stord Hotell