Stord Jazzfest. Dagspass Fredag 09.10.2026
Helga 09 og 10 oktober skal Stord Jazzklubb arrangera den årlege Stord Jazzfest i lag med Stord Hotell.
Her vil me saman skapa minneverdige stunder for musikkelskarar!
Jazzklubben sin intensjon er å presentera ei jazzig helg med flotte band både fredag og laurdag.
Stord Jazzfest - 2026 Dagspass Fredag.
Stord Hotell Fredag 09 Oktober kl. 19:00 til kl. 23:00.
Säsongsbiljetten inkluderar
Helge Lien Trio har etablert seg som ein av dei fremste jazzensembla i landet og kan visa til strøymingstal i millionklassen. Med Helge Lien på piano, Johannes Eick på bass og Knut Aalefjær på trommer, leverer dei rørande melodiar, lekne improvisasjonar og årvåkent samspel.
Sjølv om Bjørn Moe i hovudsak flyttar seg i landskapet pop og rock, har musikken hans element frå både jazz og world-music, noko som skaper ein ekstra spanande atmosfære for lyttarane. Det kjem ofte opp navn som David Bowie, Peter Gabriel og David Coverdale når ein leitar etter nokon å samanlikna vokalen hans med.