page view image

Sök efter evenemang

Stord Jazzfest. Dagspass Fredag 09.10.2026

Helga 09 og 10 oktober skal Stord Jazzklubb arrangera den årlege Stord Jazzfest i lag med Stord Hotell.
Her vil me saman skapa minneverdige stunder for musikkelskarar!
Jazzklubben sin intensjon er å presentera ei jazzig helg med flotte band både fredag og laurdag.

09.10.2026 19:00 @ Stord Hotell
Säsongsbiljett
Stord Jazzfest. Helgepass 09-10.10.2026 - Medlem

Helga 09 og 10 oktober skal Stord Jazzklubb arrangera den årlege Stord Jazzfest i lag med Stord Hotell.
Her vil me saman skapa minneverdige stunder for musikkelskarar!
Jazzklubben sin intensjon er å presentera ei jazzig helg med flotte band både fredag og laurdag.

09.10.2026 19:00 @ Stord Hotell
Säsongsbiljett
Medlemskap Stord Jazzklubb 2026

26.12.2025 17:40 @ Stord Hotell
Bergen Big Band med Frode Grytten: Røter II

Bergen Big Band er eit av dei leiande og mest vitale storbanda i Noreg med røter tilbake til 1970-talet.
Når Bergen Big Band inviterer til Røter II, er det meir enn ein konsert – det er ei totaloppleving der jazz, poesi og videokunst smeltar saman til eit sterkt og djupt menneskeleg verk. Med musikk av Knut Vaage, tekst av Frode Grytten og videokunst av Anne Marthe Dyvi flyttar Røter II seg i grenselandet mellom samtidsmusikk, storbandjazz og scenekunst.

05.09.2026 17:00 @ Stord Hotell
Helge Lien Trio (Stord Jazzfest)

Helge Lien Trio har etablert seg som ein av dei fremste jazzensembla i landet og kan visa til strøymingstal i millionklassen. Med Helge Lien på piano, Johannes Eick på bass og Knut Aalefjær på trommer, leverer dei rørande melodiar, lekne improvisasjonar og årvåkent samspel.

09.10.2026 19:00 @ Stord Hotell
Bjørn Moe (Stord Jazzfest)

Sjølv om Bjørn Moe i hovudsak flyttar seg i landskapet pop og rock, har musikken hans element frå både jazz og world-music, noko som skaper ein ekstra spanande atmosfære for lyttarane. Det kjem ofte opp navn som David Bowie, Peter Gabriel og David Coverdale når ein leitar etter nokon å samanlikna vokalen hans med.

09.10.2026 21:00 @ Stord Hotell
Horda (Stord Jazzfest)

«HORDA sin musikk er som om Snarky Puppy og Pat Metheny bestemte seg for å spille inn en plate langt inne i en norsk fjord! Vi blander progressive elementer og jazzelementer, nordiske lydlandskap og moderne fusion i en historiefortellende, melodiøs og nærmest filmmusikalsk tilnærming.»

10.10.2026 19:00 @ Stord Hotell
Anita Nordheim Blues n’ Groove Company (Stord Jazzfest)

Med si særmerkte stemme, barytonsaksofon og eigne låtar står Anita Nordheim i front for eit band der moderne blues, soul, funky riff og jazzelement smeltar saman i eit kraftfullt og sjangeroverskridande uttrykk.

10.10.2026 21:00 @ Stord Hotell
Per “BASS VIKING” Mathisen Power Trio

Power Trio må ein ikkje gå glipp av! Per Mathisen er det norske svaret på Jaco Pastorius på el-bass og NHØP på kontrabass. Han har stått på scenen med mange av dei mest berømte jazzmusikarane i verda i meir enn 45 land. Trioen hans omfattar den største islandske batteristen nokon sinne, Gulli Briem, og Per sin bror, Hans Mathisen, på gitar.

07.11.2026 19:00 @ Stord Hotell
page view image
logo

Stord Jazzklubb

Hittar du inte din biljett?
Lös in dina reservationer
Adress
Stord Jazzklubb
Knappane 67
Stord