page view image

SØK ETTER ARRANGEMENTER

Julajam 2025

Jamsession er staden for nye musikalske møte! Musikantar har gjerne snakka i lag på førehand og nemnt noko om låtar og toneartar, men sjølve musiseringa vert fyrst utført her og no.
Kjende standardlåtar og låtar notert spesielt for denne kvelden får sin fasong der og då - det får bera eller brista!
Husbandet til julajam’en er nytt for høvet. Utflytta stordabu, Øystein Kvinge, har samla vener frå Stord og Bergen som har spelt med kvarandre tidlegare, men aldri som denne spreke kvartetten!

29.12.2025 19:00 @ Stord Hotell
Bluesfest fredag. Knut Reiersrud solo

I over 40 år har Knut Reiersrud traktert gitarane sine på mange scener og begeistra publikum verda rundt. Omgangen med strengeinstrument - både musikalsk og visuelt - er å betrakta som ei totaloppleving. Kong Harald uttalte etter ein Reiersrudkonsert i Sør-Afrika at han aldri tidlegare hadde sett ein musikar fysisk forsvinna inn i instrumentet sitt slik som Reiersrud makta å gjera. President Thabo Mbeki tilbydde gitaristen vår sørafrikansk pass, for å få eit ekstranummer på same konserten.

23.01.2026 20:00 @ Stord Hotell
Bluesfest laurdag Jørgen Sandvik Permanent Vacation

Mange veit at den allsidige musikaren, vokalist og gitarist Jørgen Sandvik, etter kvart er blitt stordabu, og som bandnamnet tilseier, er han sjef for denne kvartetten. Med seg har han Anders Bitustøyl, Jan Petter Myklestad og Nils Are Drønen. Bandet spelar heftig blues med godt rom for improvisasjon. Repertoaret består av Jørgen sine eigne låtar og klassikarar frå bl.a. John Mayall og forbildet Peter Green.
Jørgen Sandvik fekk Spellemannsprisen for sitt første soloalbum som kom ut i 2018!

24.01.2026 20:00 @ Stord Hotell
Kjetil Mulelid Trio

Kjetil Mulelid Trio slepte bebutplata si «Not Nearly Enough to Buy a House» i 2017. Dei har sidan det markert seg som nokre av dei fremste jazzmusikarane I landet. Dei har spelt konsertar i store deler av Europa og også i andre verdsdeler.

14.02.2026 20:00 @ Stord Hotell
Organ Jam – Kraftjazz og fotbass

Organ Jam har fått strålande mottaking for sin friske spelestil. Kombinasjonen Hammond B3, trommer og to saksofonar er sjelden. Det karakteristiske Hammond B3-orgelet med fotbass gjer at lydbildet blir rått og kraftfullt. Musikken varierer frå rolege, lange strekk, til rå og svingande bop.

07.03.2026 20:00 @ Stord Hotell
page view image
logo

Stord Jazzklubb

Finner du ikke billetten din?
Innløs reservasjoner
Addresse
Stord Jazzklubb
Knappane 67
Stord