page view image

Festivalpass - Stord Jazzfest

Helga 20. og 21. september skal Stord Jazzklubb arrangera Stord Jazzfest i lag med Stord Hotell. Her vil me saman skapa minneverdige stunder for musikkelskarar!
Jazzklubben sin intensjon er å presentera ei jazzig helg med flotte band både fredag og laurdag. Hotellet vil tilby ei helg med overnatting og spanande meny i flotte omgjevnader. Her vil det swinga og gynga gjennom heile helga, og ganen vil og kunna få nye og positive opplevingar.

Informasjon
event image

Stord Jazzfest - 2024 Festivalpass.

Stord Hotell Fredag 20.Januar kl. 18:00 til 21.09.kl. 23:00.

Sesongkortet inkluderer

Siri’s Svale Band (Stord Jazzfest)

Alle 5 medlemene i dette bandet er profesjonelle musikarar. SSB vart etablert for 35 år sidan og hadde sitt gjennombrot som den norske hovudattraksjonen ved Jazzfestivalen i Molde i 1989. Bandet har turnert i Noreg og Europa, og gitt ut tre CD’ar: ”Blackbird” (1990) ”Necessarily So…” (1997) ”Sval E Afinado” (2018.)

20.09.2024 20:00 @ Stord Hotell
Air Play (Stord Jazzfest)

Fair Play var ein kvintett som spelte saman frå 1982-1992. I dei åra med Trond Kopperud på trommer. Etter hans bortgang har dei andre medlemene bestemt seg for å samla dei musikalske trådane og spela saman igjen utan trommer i besetninga, med namnet Air Play.

21.09.2024 18:00 @ Stord Hotell
Marius Neset Quintet (Stord Jazzfest)

”Hans svindlande sinne för det oväntade gör hans musik ständigt utmanande och överraskande. Nesets egenkomponerade musik är ömsom kantig och ekvilibristisk, med plötsliga taktbyten, och ömsom lyrisk och svindlande vacker.” (Annika Westmann)
Marius Neset er ein musikar som femnar svært breitt med musikken sin. Han har skrive ikkje mindre enn 3 orkesterverk for London Sinfonietta: Snowmelt, Viaduct och Geyser, som vart uroppført i Royal Albert Hall i september 2022.

21.09.2024 21:00 @ Stord Hotell