Language
Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
I år er Atle tilbake med eit litt endra band og utvida, repertoar. Songane er som før baserte på blues og r&b, tekstane er som før på bømlamål, stordamål og nynorsk, og humoren er som alltid til stades.
---------------
Tubesnakes feira i 2024 30 år som band. I tillegg hadde dei same året plateslepp av «Navasota, TX». På blueskvelden spelar Tubesnakes låtar frå denne og materiale frå bandet sine fire tidlegare album.
Vetrhus Bluesband har i år halde det gåande i 30 år. Dei har eit trufast publikum som følgjer dei, så forvent fullt hus, ein god porsjon rock´n roll, dans på borda og masse moro.
Ingen band sprudlar slik over av speleglege som Vetrhus når dei entrar scenen. Du er hermed invitert til eit forrykande bluesrock-show på Stord Jazzklubb sin scene i Valhall på Stord Hotell! Og når lokalet blir fylt av faststemte gjester, lovar gutane i Vetrhus ein konsert du seint vil gløyma.
Beady Belle Duo består av vokalist Beady Belle og David Wallumrød på eit nærast arsenal av ulike tangentinstrument. David Wallumrød blir rekna som ein av dei aller beste musikarane i landet.
Beady Belle, alias Beate S. Lech, er ein grensesprengande, norsk artist som opererer i sitt eige musikalske univers – og som ikkje kan plasserast i ein bestemt sjanger. Ho er å finna i grensesnittet mellom pop/soul/funk/elektronika/jazz og folk.
8. mars kjem vokalisten Kira Martini med sin kvartett frå København til Stord Jazzklubb. Bandet som Martini har spelt saman med sidan 2012, er ei gruppe sterke personlegdomar frå den danske jazz-scenen som har ei solid forankring i swing og groove. Kvar av musikarane set sitt personlege preg på musikken som er full av nerve og sjel. Saman skaper dei ein spesiell sound med ein raud tråd, same om dei spelar gamle choro-låtar frå Brasil eller Bob Dylan tilsett afrikanske rytmar.
Sandven Jazz kompani leverer pulserande tradjazz med eit variert repertoar; kjende klassikarar og løynde perler, alltid med autentisk New Orleans-stil. Bandet kombinerer tradisjon med frisk energi, og skaper ein musikals fest for publikum.
Buddy Rich´s Roadie er eit «Great American songbook»-prosjekt som framfører den store vokal- og instrumentalarven som denne songboka inneheld, – gjort verdskjend av store songarar som Frank Sinatra, Bobby Darin, Tony Bennet, Nat King Cole og uendeleg mange fleire, kort sagt crooner-repertoar framført av dei ypparste musikarane innan sjangeren.