Search for events
Kjetil Mulelid Trio slepte bebutplata si «Not Nearly Enough to Buy a House» i 2017. Dei har sidan det markert seg som nokre av dei fremste jazzmusikarane I landet. Dei har spelt konsertar i store deler av Europa og også i andre verdsdeler.
Organ Jam har fått strålande mottaking for sin friske spelestil. Kombinasjonen Hammond B3, trommer og to saksofonar er sjelden. Det karakteristiske Hammond B3-orgelet med fotbass gjer at lydbildet blir rått og kraftfullt. Musikken varierer frå rolege, lange strekk, til rå og svingande bop.
Hardingfelespelaren Benedicte Maurseth er ute på turnè med albumet Mirra, og den 27. mars tek ho bandet sitt med til Stord jazzklubb. Maurseth har i lengre tid fått nasjonal og internasjonal anerkjenning for å utvikla og utvida grensene for hardingfela som instrument.
På konserten har ho med seg musikarane Morten Qvenild (piano og elektronikk), Mats Eilertsen (kontrabass og el-bass) og Håkon Mørch Stene (melodisk og rytmisk slagverk, elektronikk).
Funkle er ein duo med Webjørn Sæther på sopransaksofon og kontra altklarinett og Asbjørn Lerheim på gitarar. Duoen er relativt fersk, men Sæther og Lerheim har spelt saman i ulike band og prosjekt i to tiår. Musikken er lyrisk og uttrykksfull med ei melankolsk nerve, men også kompromisslaus, direkte og intens.
Klingenberg består av lærarar ved musikkavdelinga på Høgskulen på Vestlandet (avdeling Stord) som alle er utøvande musikarar i tillegg til at dei forskar og underviser. Med seg på konserten har dei sin faste trommeslagar når dei spelar ute, Martin Hystad.
25. april er dei tilbake på Stord jazzklubb for andre gong.
