Search for events
I over 40 år har Knut Reiersrud traktert gitarane sine på mange scener og begeistra publikum verda rundt. Omgangen med strengeinstrument - både musikalsk og visuelt - er å betrakta som ei totaloppleving. Kong Harald uttalte etter ein Reiersrudkonsert i Sør-Afrika at han aldri tidlegare hadde sett ein musikar fysisk forsvinna inn i instrumentet sitt slik som Reiersrud makta å gjera. President Thabo Mbeki tilbydde gitaristen vår sørafrikansk pass, for å få eit ekstranummer på same konserten.
Mange veit at den allsidige musikaren, vokalist og gitarist Jørgen Sandvik, etter kvart er blitt stordabu, og som bandnamnet tilseier, er han sjef for denne kvartetten. Med seg har han Anders Bitustøyl, Jan Petter Myklestad og Nils Are Drønen. Bandet spelar heftig blues med godt rom for improvisasjon. Repertoaret består av Jørgen sine eigne låtar og klassikarar frå bl.a. John Mayall og forbildet Peter Green.
Jørgen Sandvik fekk Spellemannsprisen for sitt første soloalbum som kom ut i 2018!
Kjetil Mulelid Trio slepte bebutplata si «Not Nearly Enough to Buy a House» i 2017. Dei har sidan det markert seg som nokre av dei fremste jazzmusikarane I landet. Dei har spelt konsertar i store deler av Europa og også i andre verdsdeler.
Organ Jam har fått strålande mottaking for sin friske spelestil. Kombinasjonen Hammond B3, trommer og to saksofonar er sjelden. Det karakteristiske Hammond B3-orgelet med fotbass gjer at lydbildet blir rått og kraftfullt. Musikken varierer frå rolege, lange strekk, til rå og svingande bop.
