Search for events
Jazz & Fly Fishing er ein jazzkvartett som kombinerer musikk og friluftsliv.
Bandet består av Håvard Stubo på gitar, Joona Toivanen på piano, Tapani Toivanen på bass og Fredrik Hamrå på trommer. Jazz & Fly Fishings konsept er basert på å kombinera kjærleiken bandet har til flugefiske med jazzmusikk, noko som har skapt ei unik og original kunstform.
Dei dokumenterer også sine turar og fisketurar, og lagar kortfilmar som blandar musikk, natur og kunsten å flugefiske.
The Real Thing har spelt på Stord minst tre gonger tidlegare, sist i 2022, og alle blues- og jazzinteresserte vil garantert få nok ei stor musikkoppleving når dei entrar scenen denne kvelden. Bandet samla fulle hus dei gongene dei har vitja Stord Jazzklubb.
Power Trio må ein ikkje gå glipp av! Per Mathisen er det norske svaret på Jaco Pastorius på el-bass og NHØP på kontrabass. Han har stått på scenen med mange av dei mest berømte jazzmusikarane i verda i meir enn 45 land. Trioen hans omfattar den største islandske batteristen nokon sinne, Gulli Briem, og Per sin bror, Hans Mathisen, på gitar.
Etter konserten med storbandet vil lokale musikkheltar få
høve til å entra scenen, eventuelt med hjelp frå det dyktige
jamkompet vårt.
